Han er som vanlig inne på noe vesentlig …
«Perspektiv» (frå Glør i oska)
Herre lyt du vera i ditt eige liv
skal du kunna sjå det rett i perspektiv:
Anten lyt du standa ovanpå som konge
eller att på botnen ha di frie gonge.
Mangeleis er livet, berre sjeldan fred;
ofte må du undrast kva er upp og ned.
Men det klårnar stundom når du vinn ein tume,
eller beiskt lyt vedgå at du tapte sume.
Skal du sjå den makken du i røyndi er
og di eigi vesle narrevorne verd,
lyt du stogga lite utanum frå brålet
og på eigen stordom leggja alnemålet.
Fyrst du sluttar træla for den tome verdi,
stoggar litevetta, skodar attum herdi,
har du gjort det fyrste steg på visdomsvegen,
endå andre synest at du just er slegen.