Denne boka har stått i hylla bak meg på kontoret lenge, og Britt Astrid har snakka om henne til meg fleire gonger, men det var ikkje før i dag eg tok meg tid til å lese henne.
Ei fabelaktig bok, som makta å kalle fram både latter og tårer, så eg måtte snu meg unna og sjå ut vindauget fleire gonger.
Boka handlar om Trille og bestevennen og naboen hans, Lena. Dei heng ihop; Lena er så ofte på besøk at ho nesten er nabo med seg sjølv. Dei to ungane finn på mykje rart, det gjer dei vaksne og forresten. Alt på side 27 kan vi lese at “Mor sett i eit hyl. Det var alt ho rakk før brura skrudde møkkaspredaren på full drylar i passe avstand frå bålet.” Og slik held det fram.
Boka omtalar på eit klokt og varsamt vis store emne som venskap og kjærleik, død, sorg og saknad. Utan at det verkar påklistra og barnetilpassa. Det er berre ein naturleg del av livet. Døden er nesten slik som snøen, ein veit ikkje kva tid han kjem.
Det å sakne folk er den finaste triste kjensla som finst, men likevel kan ikkje Trille og Lena leve utan kvarandre då mora hennar skal dra til byen for å verte ferdig med skulen. Lena vert att i heimbygda og bur hjå Trille, og boka endar godt når mor kjem attende og har med seg Isak som vert pappa til Lena. Det er godt, sjølv om Lena og Trille ikkje heilt veit kva ein skal bruke pappaer til.
Trille er forteljaren, men både i boka og i livet hans er det Lena som er hovudpersonen. Han veit at ho er bestevennen hans, og når Lena til sist i boka omsider får sagt høgt at Trille er bestevennen hennar og, er livet fullkomment.
Ei bok som har vunne velfortente prisar og kan verte ein klassikar.