Når heile verda syng mot Gud, da gryr den nye dag.
Vi møter morgonen i lag, vi stig av søvnen ut.
Dei mørke vatna opnar seg der Herrens Ande sviv.
På Herrens ord kjem lys og liv. Halleluja, halleluja, halleluja!
Høyr vatnet renn med torelyd, og regnet fell og fell.
Ein foss kjem brusande frå fjell, og havsens bølgjer bryt.
Ein kvelving stig, der skyer driv, før andre skapingsdag
finn kveld der lange skuggar kliv. Halleluja, halleluja, halleluja!
Når heile verda syng mot Gud, set nye vokstrar frø,
og kornet veks med smak av brød, og nektar renn frå sky.
Ti tusen slag ber grøde fram, no mognar frukt og bær
Det er den tredje skapingsdag! Halleluja,halleluja, halleluja!
Den fjerde dag, den fjerde dag skyt lyn i mørke rom,
og soler flyt på skyers skum for Herrens andedrag.
Ein måne glid frå rand til rand, og stjerner brenn og skjelv
i kulden frå den tome kvelv. Halleluja, halleluja, halleluja!
Da stig det fisk der havbrot ryk, og kval med sporden slår,
og fugl på store venger fyk dit dagens grenser går.
Dei svevar over hav og jord, dei skrik og parrar seg.
Det er den femte skapingsdag! Halleluja, halleluja, halleluja!
Ein skugge flyktar gjennom skog, og villdyr skifter ham.
Da stig ei kvinne og ein mann i Herrens likning fram.
Og mannen leitar og finn svar i hennar andletsdrag.
Det er den sjette skapingsdag! Halleluja, halleluja, halleluja!
Og mennesket skal sjå seg sjølv blant alle skapte slag.
Og Herren ser sitt store verk og held ein kviledag.
Når mennesket er skapt på ny, stig jubelen mot sky!
Og heile verda syng mot Gud: Halleluja, halleluja, halleluja!
Hoem – Sommerro