Lyse øyeblikk

Fagert er landet

Fagert er landet du oss gav, Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav, Soli ho sprett og ho glader,
Signar vårt land i nord og sud,
Soleis di åsyn lyser, Gud, Yver vårt Noreg i nåde.

Tidi ho renn som ei elv mot os, fort skiftar sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los, radt til dei seinaste ætter;
Herre, vår Gud, vår Noregs Gud,
Varda vårt land frå fjell til flud. Lær oss å gå dine vegar!

Signa då, Gud, vårt folk og land, Signa vårt strev og vår møda,
Signa kvar ærleg arbeidshand, Signa vår åker med grøda!
Gud, utan deg den vesle urt veiknar og visnar, bleiknar burt,
Ver oss du ljoset og livet!

A. Hovden

MELODI

Comments are closed.