Lyse øyeblikk


Lars Amund Vaage: Syngja

Innbundet_fullbokFor en fantastisk bok. Så usigelig sår. Sárara en tárum taki, som islendingene sier. For sårt for tårer.
Det som er uutholdelig sårt kan bli usigelig vakkert når det er uttrykt med slik ømhet.
En far forteller om hvordan det er å være far til en datter med autisme. Om hvordan det er å leve i et parforhold rundt et funksjonshemmet barn. Om hvordan det er å forholde seg til ekspertene og helsevesenet, avlastningsopphold og utredninger. Og virkeligheten.

Vaage er fra Kvinnherad og skriver saftig nynorsk.
Hverdagsskildringene hans er tatt på kornet. Hovedpersonen er forfatter som kjører buss for å få endene til å møtes. Boken er full av filosofi fra bussførersetet.
Er ikkje bussen eit av dei simplaste transportmidla? Tung og klønete humpar han gjennom landskapa. … Bussen er eit esel, ein proletar blant køyretøya. Hadde Jesus kome inn i Jerusalem i dag, ville han ha tatt bussen. Bussen manglar glamour og venleik. Det finst ikkje lekre sportsbussar eller bussar folk kan smykka seg med. …

Og som passasjer i Askøy-Bergen i en årrekke kjenner jeg meg litt igjen: Då me kom til Utne, stoppa eg og gjekk ut. Det sat nokre få andre i bussen, men eg brydde meg ikkje om dei. Det var for så vidt heilt i tråd med beste HSD-tradisjon. Passasjerane må ikkje tru at dei er noko. Er ein for grei med dei, kan dei fort få idear. Ideane kan breia seg og gjera livet surt for alle sjåførar. Det gjeld å vera solidarisk, bussjåførane må stå saman. Passasjerane har berre godt av å sitja og godgjera seg litt. Eg gjekk inn på Utne Hotel, og kjende at ho følgde etter meg…


Maria Parr: Vaffelhjarte

vaffelhjarteDenne boka har stått i hylla bak meg på kontoret lenge, og Britt Astrid har snakka om henne til meg fleire gonger, men det var ikkje før i dag eg tok meg tid til å lese henne.

Ei fabelaktig bok, som makta å kalle fram både latter og tårer, så eg måtte snu meg unna og sjå ut vindauget fleire gonger.
Boka handlar om Trille og bestevennen og naboen hans, Lena. Dei heng ihop; Lena er så ofte på besøk at ho nesten er nabo med seg sjølv. Dei to ungane finn på mykje rart, det gjer dei vaksne og forresten. Alt på side 27 kan vi lese at “Mor sett i eit hyl. Det var alt ho rakk før brura skrudde møkkaspredaren på full drylar i passe avstand frå bålet.”  Og slik held det fram.

Boka omtalar på eit klokt og varsamt vis store emne som venskap og kjærleik, død, sorg og saknad. Utan at det verkar påklistra og barnetilpassa. Det er berre ein naturleg del av livet. Døden er nesten slik som snøen, ein veit ikkje kva tid han kjem.

Det å sakne folk er den finaste triste kjensla som finst, men likevel kan ikkje Trille og Lena leve utan kvarandre då mora hennar skal dra til byen for å verte ferdig med skulen. Lena vert att i heimbygda og bur hjå Trille, og boka endar godt når mor kjem attende og har med seg Isak som vert pappa til Lena. Det er godt, sjølv om Lena og Trille ikkje heilt veit kva ein skal bruke pappaer til.

Trille er forteljaren, men både i boka og i livet hans er det Lena som er hovudpersonen. Han veit at ho er bestevennen hans, og  når Lena til sist i boka omsider får sagt høgt at Trille er bestevennen hennar og, er livet fullkomment.

Ei bok som har vunne velfortente prisar og kan verte ein klassikar.