Ljose augeblink

Eg strevar med nynorsken.

Eit språk eg elskar å lese, men ikkje rår med sjølv. Når eg attpåtil er bergensar, ligg eg tynt an. Er det ein eller ei pute? Ein eller eit kompass? Eller kanskje ei? Ei kompass – kompassa – kompasser – kompassene? Nei, det lyder fånigt, som den svenske kollegaen min seier.

Eg hugsar parolane på 70-talet då bergensarane óg ville vere med på leiken og det var a-formene som gjaldt.  Utanfor Studentsenteret var det sett opp ein stor plakat med fyndordet LA PARKA LEVA!

Eit døme til åtvaring for alle bergensarar som vil prøve seg.
Eg tek åtvaringa til meg, men held fram med friskt mot. Dette skal eg klare!
Eg satsar på at øving gjer meister, det er eg van med å seie til elevane mine.
Bruk ordboka!  Les og skriv!  Kjenn grensene dine; hald deg langt vekke frå kløyvd infinitiv!!

No skulle eg hatt Eli her, allerbestevenninna mi frå realskule- og gymnastida. Vi var vane med å gå lange turar saman når vi budde oss på eksamenar. Då snakka vi om faget, og skulle vi opp i engelsk, snakka vi engelsk heile vegen. Var det tysk som stod for døra, gjekk det på tysk. Og – sjølvsagt – på nynorsk når det var sidemål vi skulle ha. Turar til Bergheim der vi snakka nynorsk heile vegen – det var tider det! Kor er Eli no når eg treng henne som mest.

Eg har planar om å vere flink og lese nynorske bloggar  kvar dag.

Den første eg fann, var denne: http://hjartesmil.com/.
Sjarmerande, ung og forelska jente oppteken av seg og sitt. Eg veit ikkje om ho følgjer læreboknormalen, men ho skriv i det minste på nynorsk.  Og litt engelsk. Det må ein vel reikne med no til dags.

%d bloggers like this: