No livnar det i lundar

No livnar det i lundar no lauast det i li,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.
Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord,
og atter som eit under nytt liv av daude gror.

Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song.
Du spår at Gud oss lagar ein bettre vår eingong.

Då me med vigsla tunge, med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunga skal lova Herren vår

Elias Blix

MELODI

%d bloggers like this: