Han tek ikkje glansen av livet

Han tek ikkje glansen av livet, den frelsar som kallar på deg.
Først då kan for alvor du leva når han får deg fylgja på veg.

Du høyrer dei dårande røyster, som lovar deg gullglim og glans.
Men ingen legg lys over vegen, som Jesus og kjærleiken hans

Han hjelper i brattaste bakkar, og stør deg når vegen blir smal.
Han signar dei sollyse sletter, og lyser i dødsskuggens dal.

Han fører deg frelst over fjorden, heilt fram til den himmelske strand.
Når døden sin brottsjø du møter, vil Jesus dra båten i land.

Han tek ikkje glansen av livet, han gyller din morgen og kveld.
Og opnar ei dør til dei salar, der æveleg høgtid du held.

Trygve Bjerkrheim

MELODI

%d bloggers like this: