Eg veit i himmerik ei borg

Eg veit i himmerik ei borg, ho skin som soli klåre,
der er kje synder eller sorg, der er kje gråt og tåre.

Der inne bur Guds eigen Son i herlegdom og æra,
han er mi trøyst og trygge von, hjå honom eg skal vera.

Eg er ein fattig ferdamann, må mine vegar fara
herfrå og til mitt fedreland, Gud, meg på vegen vara!

Men visst eg veit, ein morgon renn då dødens natt skal enda.
Min lekam opp or gravi stend og evig fryd får kjenna.

Me takker deg til evig tid, Gud Fader, alle saman,
for du er oss så mild og blid i Jesus Kristus! Amen.

Tekst: Bernt Støylen 1905 (oversatt fra tysk)
Melodi: Folketone fra Hallingdal

MELODI

%d bloggers like this: