Eg ser

Eg ser at du er trøtt,
men eg kan ikkje gå alle skritta for deg.
Du må gå dei sjøl,
men eg vil gå dei med deg.

Eg ser du har det vondt
men eg kan ikkje grina alle tårene for deg.
Du må grina dei sjøl,
men eg vil grina med deg.

Eg ser du vil gje opp,
men eg kan ikkje leva livet for deg.
Du må leva det sjøl,
men eg vil leva med deg.

Eg ser at du er redd,
men eg kan ikkje gå i døden for deg.
Du må smaka han sjøl,
men eg er død til liv for deg.

Bjørn Eidsvåg

MELODI

%d bloggers like this: