Den store stjerna

Den store stjerna som steig i aust med ljos over verda
tende vår von for framtidsferda i heimsens mørke haust.
Den store stjerna gjer oss fri
med sit bod no ved juletid.

Den store stjerna for fyrste gong bar bod om ein frelsar.
Fattig og rik går fram og helsar eit nyfødt barn med song.
Den store stjerna ga oss ord
med ei von for vår veike bror.

Den store stjerna i natta kald har synt oss eit under
lyser med trøyst i tunge stunder for folk i tusen tall.
Den store stjerna høg og klår
er vårt ljos på den veg vi går.

Den store stjerna står klår som før og ber oss å dela
gje alt vi kan og såra hela hos våre svoltne brør.
Den store stjerna gjer oss fri
med sitt bod no ved juletid.
Tekst: Trygve Hoff
Melodi: Svein Gundersen

MELODI

%d bloggers like this: